Sjekkpunkt Tynset

Informasjon om sjekkpunkt Tynset.

Publisert 01.02.2010 kl 01:56 Oppdatert 01.02.2010 kl 13:53

Tips en venn på e-post:

Sjekkpunkt Tynset ligg på Nedby på vestsida av Glåma. Spanna kjem inn frå nordaust forbi tidtakar der det er kvittering inn og ut. Gjer så ein u-sving mot og langs Glåma ned mot oppstallingsområde. Det ligg halm i denne svingen som kan fraktast med ned til oppstallinga. Depotet ligg ved løypa ned mot oppstallinga om lag 100 meter frå oppstallingsplassen. Spanna blir plassert i vifteform på kvar side av ein breid innkøyringstrasé og fastgjort i nedfrosne tauglykkjer. Det blir teki hol på elveisen ved oppstallingsplassen for henting av vatn til hundane.

Spann som skal direkte til Tolga snur i u-svingen utan å nedom oppstallingsområdet og passerer tidtakar/utkvittering på tur ut. Spann som skal til og frå Folldalen/Grimsbu og som ikkje skal kvile, kvitterer inn og ut på same staden. 600-køyrarar som har kvile på oppstallinga på tur mot Folldalen, passerer ikkje tidtakar på tur ut av sjekkpunktet og må derfor gå innom for å kvittere ut føri dei køyrer frå oppstallingsområdet.

Det er muleg for køyrarar som ønskar det, å sova på flatseng på golvet i kjellaren under kaféen.

Sjekkpunktet er klargjort av Tynset Kommune og blir drivi av elevar frå Torshus Folkehøgskule, kaféen av Tynset Blandakor. Kaféen vil vera open frå midt på dagen fredag til sundag.

Driver av sjekkpunkt: Torshus Folkehøgskule

Kontaktinformasjon: Torkjel Solem (mob.nr. kommer!)

Overnattingsmuligheter i området: For køyrarar på flatseng i samfunnshuset, elles campingplass på Tynset.

Tilgjengelige butikker i området: Tynset sentrum

Nærmeste Bensinstasjoner: Tynset sentrum

Servering: Kaféen blir driven av Tynset Blandakor og er open frå middag fredag til sundagen. Du finn han inne i samfunnshuset.

Veibeskrivelse for handler og publikum: Nedkøyringa til Nedby og sjekkpunktet finn de like sør for brua over til/frå Tynset sentrum langs riksvegen.

Parkering for handlere og publikum: Handlerparkering vil vera brøytt ut ved innkøyringa til samfunnshuset. Publikum blir oppmoda om å parkere i sentrum.

Evalueringsmøte

Klubbsider Onsdag 24.februar innviterer vi klubbens medlemmer, og frivillige, til en sosial sammenkomst med evaluering etter årets Femundløp. Vi samles på Milano restaurant på Røros kl.1900. Les mer

Lykkelige vinnere gledet sponsorene

Nyheter Det var mange fine premier som ble utdelt på banketten onsdag kveld, og mange lykkelige kjørere som vant. Les mer

Nå er det over

Nyheter De to siste kjørerne i Femundløpet kryssa mållinja på Røros i ettermiddag, et spann i hver klasse (F400/F600). Det ble svenske Håkan Nisula som fikk æren av å slukke den røde lampa som har hengt der siden første kjører dro ut torsdag formiddag. Les mer

To spann igjen på sporet

Nyheter Det er to mann igjen på sporet, men begge ligger an til å rekke banketten i kveld. Les mer

Premier til kjørerne

News Femundløpet er stolt over å ha et stort utvalg av premier til kjørerne som deltar i løpet. Og man trenger slett ikke vine for å få noe. Les mer

Redaktøransvar